Asbjørn Thomassen

Faner i den frilynde ungdomsrørsla

Innbundet

kr 450,00

På lager

Varenummer: 978 -82-8316-07-9 Kategorier: ,

Beskrivelse

Gjennomillustrert leksikon med faner i ungdomslag over heile landet. Faglege artiklar om fanekunsten, tradisjonane, utvalte fanekunstnarar. Faner i den frilynde ungdomsrørsla er eit leksikon med over 460 faner, mange av dei er presenterte med både framsida og baksida. Her er ungdomslagsfaner frå kvar einaste kommune i heile landet. Fanene viser visjonen i ungdomslaga og på landsplan. Det kan vere store ord, ord som peikar framover. Også faner i ungdomslag om ikkje er med i Noregs Ungdomslag er tatt med i dette rause gjennomillustrerte verket. Profesjonelle kunstnarar som Nikolai Astrup, Ole Ekornes d.e. og d.y., Bergslien-brørne og Louis Kvalstad er i godt selskap med dyktige husflidutøvarar og lokalt og regionalt kjente kunstnarar. Boka byr på ei kulturhistorie få eller ingen andre rørsler kan vise maken til. Det er også eigne kapittel om fanetradisjonen, utvikling av bildespråket, kva fanene fortel, fanekunstnarar, faneord, lagsnamn, lagsregister og solide kjeldetilvisingar. I mange år har Asbjørn Thomassen (1938-2013), tillitsvalt og tidlegare redaktør og internasjonal rådgjevar i Noregs Ungdomslag, systematisk samla opplysningar og foto og skrive meste av boka. Forfattaren, journalisten og lektoren Liv Marit Idsø (1950 -) har fullført arbeidet, og begge har hatt god hjelp av ungdomslagsfolk landet rundt. Boka Faner i den frilynde ungdomsrørsla er gitt ut av Bokbyen Forlag i samarbeid med Noregs Ungdomslag.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.500 kg
Dimensjoner 27 × 22 × 5 cm
Forfatter

Innbinding

Sider

336 sider, rikt illustrert i farger

Utgitt år